JULEFERIE!

BLOGGEN TAR EIN VELFORTJENT FERIE!

KLEM FRÅ MONISS

Koffor gleder eg meg egentlig så grådi til jul??

Eg begynte å tenke litt over dette eg. Filosofere er nåke eg gjer ganske ofte, spesielt når eg sitt ein time i bilen i rushtrafikken på vei heim frå jobb! For alle snakker om jula og gleder seg så grådi. Me snakker om å feire med god mat, god drikke, avslapping osv. Men er det egentlig dette som er det viktigste for oss? Eg fant ut at det er alle dei pittesmå tingene som eg aldri enkli tenker over, som lager den varme gode følelsen inni meg når eg smaker på ordet jul. Og ikkje minst, så er det alle minnene eg har knytta opp til akkurat denne høytida. Her er ka eg fant ut, at eg gleder meg til jul for:

1. Eg gleder meg sånn til å reise heim sjølvklårt!! Eg er sjelden heime. Det beste blir å komme med bilen inn på tunet, gå inn ytterdøra, kjenne varmen inneifrå gjere meg varm i kinnene og høre lyden av julebjella som mamma har hengt opp på innsida av døra..

2. Å komme inn i huset som er pynta til jul, der julepynten er både gammel og ny. Julepynt går ikkje ut på dato!! At huset er pynta med samme pynt som når eg var liten..det er koselig det..

3.  Å våkne til lukten av kaffi i huset...og lyden av at nåken andre har stått opp før meg for ein gangs skyld..og at ingen har andre planer enn å gjere akkurat det samme som meg heile dagen. Ingen skal haste avgårde nåken plass. Alle skal berre vere sammen:)





4. Å stå opp på julafta morning og å gå inn i stova å sjå på juletreet! Eg har ikkje tradisjon for å pynte juletreet heime. Det gjorde alltid mamma og pappa på lillejulafta etter at me ungene var lagt oss. Når me var små var det alltid spennende å sjå at juletreet var komt på plass midt i stova, med pynt og alt, UTEN at me hadde hørt nåke til det! Foreldre er liksom så mystiske når me er små, dei får til alt!

5. Å få ekstra grunner til å klemme på dei eg er glad i! Det blir fort ein god-jul-klem, takk-for-presangen-klem, godt-nyttår-klem, godt-å-sjå-deg-klem. Klemming er så godt det! Det skal bli mitt nyttårsforsett. meir klemming! Det, og så å bli økonomisk smart. Men det er ett HEILT anna tema!

6. Å kjenne lukten av lutefisk ifrå kjøkkenet..åååå..berre å vete at middagen snart er ferdig, sånn at me kan ete, sånn at me kan rydde av bordet, sånn at me kan sitte oss i sofaen med ein kopp kaffi og ÅPNE PAKKER!


7. Å sjå uttrykket i ansiktet på folk når dei åpner pakken frå meg! Det er mykje gøyere enn alle pakkene eg får, tilsammen!

8. Å ligge i halvsøvne på sofaen i kjelleren etter at heile julebesøket er reist heim. Berre ligge der å høre på julemusikk frå anlegget oppe og lyden av oppvaskemaskina.

9. Å ha så mange levende lys rundt meg som overhodet mulig, heile tia! Og å lukte stearin..

10. Å høre på alt som heiter julemusikk, om og om igjen:)

11. Å kosemoseoverdose med tanteungene mine..og kanskje få lese ett godnatteventyr eller to? Trøtte små barnefjes..så nydelig det!





12. Og som oppsummering: å få vere sammen med alle ein er glad i, både venner og familie:)

Det var mi liste!! Kjempefint om nåken har lyst til å skrive koffor ein gleder seg til jul:) Er så kjekt å høre!

Moniss


 

 

Sprek salat!!

Etter ei treningsøkt er ingenting meir digg enn å lage ein knallfrisk og spenstig salat!! Sånn som eg og Yvonne gjorde for ikkje lenge sia. Nammis!


- Me putta oppi det me hadde lyst på! Tomater, gul paprika, epler, vårløk, sukkererter, issalat og agurk!



- Kjempefargerik og fristende!


Bjarne blei inspirert av oss og lagde seg sin versjon:

- Fargerikt her også!

Mens me toppar vår med reker.. som eg enkli ikkje liker! Kanskje eg er blitt voksen?



- Godt var det iallfall!

Hejhej!

 

KJENDISHELG!!

Gud for ei kjendishelg me har hatt!!

Det heile begynt med at Beate Merete og Kristine satt på flyet med Lars Vaular frå Flesland til Gardermoen fredag kveld. Så var me på kjøpesenteret i dag, og der traff eg bestissen min Vendela.
- Eg og Vendela.  Tuppen og Lillemor blir me kalla på folkemunne.

Etter at shoppingen var unnagjort bar det avgårde på helgas høgdepunkt: X-factor Finale!!!                                                                            - Sistersisters er veldig klare for å finne kjente folk!!!

Både A, B og C-kjendiser ville holde for oss.. og kjendiser fekk me!! Det var flust med kjendiser der! Herregud, linselusa meg hadde meir enn nok med å snu på hovve etter alle celeb'ene som var der! Før showet starta såg me alle finalistene, blant anna kunne me gå heilt fram te scena når dei stod og blei intervjua!

- Legg gjerne merke til at vinneren, Hans, vinker til meg.

Jan Fredrik var jo der og hasta forbi oss, og dei andre dommerne, Ravi og Gurien. Og plutselig dukka Jakten på kjærligheten- Chrsitian Fredrik og Jeanett opp. Det var sikkert mange andre der også, men dei forsvant liksom blant 5000 folk...

- Pittelitt crowded..

Eg traff mange kjente også! Blant anna fant eg Carolyn, min kollega frå Glittre! Ho var med Røde Kors for kvelden, og ordna oss spesielle sideplasser! Sånn at me faktisk såg scena..;)
- Eg og fineste Carolyn:) Så kjekt å treffe gode Glittrefolk!

- spente jenter venter på Atle!Heheheee

Og så kom no Atle'n (som Beate kalla han..hehe) endelig!

Forrykande sceneshow! Både han og Hans imponerte live!                                                                                                                                                                                                              
Så fant eg plutselig til min store glede Heidi Lambach frå Lutefisken Joe-forestillingen! Ho og kjæresten Håkon satt klare i salen..og Heidi skulle opptre!

- Heidi, Heidi, Heidi...eg bøyer meg i støvet!!!!! Vart så rørt når du sang, FANTASTISK FLOTT!!!!
                                                                                                                                                                                                                I pausene sirkla me rundt etter kjendiser..og dei var enkli ganske lette både å finne og å prate med. Klaus og Bettan var kjempekoselige! Og Bettan VAR så fin! Fem ganger flottere i virkeligheten enn på TV, skikkelig Diva!:) Og så koselig! Når eg gav ho komplimenter for antrekk og utseende, sa ho så oppriktig tusen takk, at eg trudde på ho!
- Koselige x-factor dommere!!

- eg og Klausen vettu. Radarpar.

Så var kvelden over (etter ein ALTFOR lang pause der alle heime fekk sjå nyheter, ver og sport. Me andre fekk ingenting, anna enn ein milevis lang dokø), og me var absolutt fornøyde!! Positivt overraska over heile konseptet enkli! Hyggelige folk, vakter og koselig opplegg. Selvfølgelig var eg ein av dei som tilhørte den eldre garde der.. men det gjekk heilt fint:) Eg går gjerne på ein x-factor finale igjen eg! Men skjønner ikkje heilt vinneren...Sku ikkje Atle vinne då? Det trudde me..

Oppsummeringsbilde for kvelden:

- ett stk meget fornøyd 16-åring:)

God lørdag videre! No venter rødvin..endelig! Over og ut, Kari og Knut

Moniss














Ski på beina og smøring i håret?

Heipåsei!!

Håper alle har ein fantastisk fredag, no er det endelig helg! Eg har vore på juleseminar med hjelpemiddelfirmaet Invacare, og dermed er eg tidlig heime frå jobb. Ikkje så verst på ein fredag! Og på vei heim har eg vore og kjøpt julepresang til meg sjøl frå nissen!! (eller mamma og pappa då..). Nemlig turskipakke på G-sport! Dei har reklamert for den nåken dager no.





Kampanjen inneholdt ski, bindinger og sko til 799,-. Då er ikkje bindingen montert på, det koster 100 kroner ekstra. Off course.

Eg fekk ein koselig svensk ung gutt som hjalp meg. Han såg sitt snitt til å lure uvitende, lite erfarne ski-Mona. Han ville for det første ikkje at eg skulle kjøpe dei skiene, for dei var av typen "frå-bilen-til-hytta-ski"! Gud, så mykje ein skal lære seg! Lite ante eg at dei lager ski som skal brukes kun for å gå frå bilen til hytta! Takk og lov for at eg ikkje har nåke hytte på fjellet, for då kunne jo dette blitt riktig så dyrt. Og for å ikkje snakke om skoene! Dei var stive, ikkje vanntette og kalde. Eg syns det er liksom litt rart at G-Sport velger å selge sånne sko som er så elendige? For i følge han svensken, så var dei ubrukelige, og eg burde tenke på kroppen min og velge dei fancye flotte som ville koste meg 300 kroner ekstra. Eg presiserte at eg neppe kom te å gå så langt bortover på ski, enn at eg kunne gå inn igjen i leiligheten når eg blei våt og kald på beina. Han såg på meg som om eg var heilt idiot. Nåke eg sikkert er. Ski-idiot asså. Og når eg spurte etter skismøring, så kom han med ein heilt pakke, ein såkalt "startpakke", type "smøring-for-dummies". Det ville lønne seg for meg, meinte han, heile pakken kosta berre 299,-. Eg spurte oppriktig korleis det kunne lønne seg, når ein sprayboks kosta 129,- og den reklamerte for å vere "den eneste smøringen du trenger!".

Då trur eg kanskje han gav opp, for han berre sa: "OK, gå för den sprayen. Jag tror inte du komme at smöra dina skir serskilt mycket". (eg er god på å skrive svensk, hø?). Det heile endte med at eg fekk ski, sko, bindinger, ein boks med smørespray og montering av bindinger til 749,-.. 50 kroner rimeligere enn kampanjepris. Korleis eg fekk det til har eg ingen idè om, men det er ikkje så nøye. Eg har fått meg ski for sesongen!!

Og moralen er: det går an å vere dum, uten å vere blond + det lønner seg generelt å vere dum.

God fredag! Eg får besøk i kveld heimeifrå, og imåro skal eg på x-factor finale! GJETT om det blir blogging frå det då!:)

Moniss

Luna dreper Mona..

Eg skulle prøve å ta fine bilder av meg og Luna hin dagen, fordi eg syntes det hadde vore kjekt å ha som profilbilde på facebook. Det sku vise seg å ikkje vere så lett...
- Eg er ei katte.. som ikkje lar meg pelle på naso!

- Vil du ta bilde av meg seie du??

- Eg vil heller BITE!!

- grrrrrrrr

- mmm.. fersk mona-arm!

Gje-opp-blikk?

Det kan sjå ut som ho koser med meg..men ho vil helst både klore og bite..

Åååååå...som me koser oss på tvang!

Makt kan være kjærlighetsfult det!

Nydelig.

Me er så lykkelige sammen.

Blikk seier meir enn tusen ord.

Men me kan slække og vere venner også..

Og av og til har me faktisk tid til litt kos også:)

 Moniss og Luniss!

Min nye jobb og fine kollegaer:)

Hallo og god ettermiddag!:)

Eg tenkte eg skulle fortelle litt om den nye jobben min, som eg begynte i 18 oktober. Hovseterhjemmet er eig av Oslo kommune og drives av Attendo Care AS. Sykehjemmet ligg på Hovseter i Bydel Vestre Aker, og du ser rett opp på Holmenkollbakken:) Det er plass til 185 beboere som er fordelt på seks etasjer. Eg arbeider på 5 av etasjene i 100 % stilling, mens min ergokollega Charine jobber 100 % på korttids - og rehabiliteringsenheten. I tillegg har me dei herlige fysioterapeutene Maria, Maria og Signe som jobber 200 % fordelt på 3 stillinger. Og me har det grådig kjekt ilag! Her poserer me stolt i nye uniformer og fleecejakker som me fekk for ikkje så lenge sia:

- Charine, meg og Maria:)


- Eg og Maria er stolte ansatte i Attendo Care AS..oh yes!! Berre kall oss Attendo-girls!

(Signe var ikkje tilstede når me tok bilder:)

Eg trives veldig godt og har komt godt inn i jobben allerede! Sjøl om eg savna Glittre og alle dei gode kollegaene mine der, er eg glad for at min nye kollegaer gjorde overgangen så bra som mulig:) Dei er ein gjeng flotte damer!!:)

Moniss




Kjøttdeig og spagetti?

Korleis lage den gode gamle klassikeren "Kjøttdeig og spagetti" litt meir sunn, og fremdeles etanes/spiselig? Okei, sikkert mange muligheter. Her er mine forslag: bytt ut kjøttdeigen med kyllingfilet, bytt ut ferdigsaus med ein egenkomponert saus med ferske grønnsaker, bruk fullkornspasta og legg til ein salat.

Eg begynner med å sjå i skapene mine. Så tar eg fram det eg tenker kan smake godt. Dette fant eg:

 
- Hakka tomater med kvitløk, gul løk, gulrot, agurk, tomat, kinakål, fullkornspasta, skumma melk, kyllingfilet, oliven og kvitløksfedd i krydderolje.


- Skjær opp kyllingsfileten i litt små biter.


- Kok pasta (eg prøvde meg på sånn kult kokebilde. Det blei berre damp).


- skjær opp gulrot og løk.


- så har ein to valgmuligheter: 1. koke sausen i kasserolle med alle grønnsakene. 2. Hiv alt på steikepanna til ei mørje (eg velger såklart den siste).


- Skjær opp kinakål, agurk og tomat.


- legg ett par oliven på, og nåken kvitløksfedd.


- tøm på hakka tomater. Bruk gjerne litt krydder på kyllingen og grønnsakene når dei steiker. Eg aner ikkje ka krydder. Eg tok det som stod fremst, litt meksikansk chillikrydder og oregano. Smaker sikkert godt.


- eg legg ut to nesten like bilder, men for dei med ett godt auge så ser de at det eine fokuserer på kyllingen og det andre fokuserer på kartongen med hakka tomater (eg tenkte at sånne detaljer er sikkert viktig å få med).


- skumma melk oppi for å lage illusjonen av saus.


- småputre. Eg aner ikkje kor lenge. Til ca. rett før det blir svidd.

VOILA! Middag på ca.15 minutter:)

 



Bon appetit (om dette skulle friste nokon, hehe!)


 

Ikkje ein matblogg akkurat..

Hellu!

Eg liker å lage litt kategorier kjenner eg..blir liksom litt lettere å komme på ting å blogge om! Så då tenkte eg: "ka kategori er det eg kan lage? Det må jo vere nåke eg er skikkelig god på". Men så fant eg ut at det ville vere MINST like morro å lage ein kategori på nåke eg absolutt ikkje er god på! Nemlig matlaging!

Siden mi kjære venninne Emelie og hennes Morten allerede har laga verdens beste matblogg www.alltidsulten.com, så skal eg virkelig ikkje prøve meg på nåken etterligning:) MEN er det ein ting eg er god på, så er det å lage enkel, sunn og billig singel-mat! Uten oppskrifter, sammensetninger av flotte smaker og totalt blotta for kulinari (er det ett ord?) Eg har to regler i kverdagen: 1. Eg lager av det eg har i skapet. 2. Eg prøver å lage vanlig mat, på ein litt sunnere måte. Så versegod folkens: eg kjem te å legge ut virkelig lite fancye retter, som smaker skikkelig ordinært. Eg begynner med den gode gamle kjøttdeig og spagetti!!

Høres dette interessant ut? Sikker ikkje, men ver no snill å les neste innlegg for da om:)

Moniss

 

Vinterstemning i bilder!!!

No er det virkelig klart til jul i Finstadåsen! For ei veke sia la eg ut bilder frå den fine stemningen me har her i nabolaget.. men det var berre begynnelsen! No har alle og einkver bidratt med julelys og snøen gjer sitt for å skape skikkelig god stemning her på tunet vårt! Så no er det dette synet som møter meg kver morning:











Me har verdens koseligste tun!!!

Les mer i arkivet » Desember 2010 » Juni 2010 » Mai 2010
hits